Hopp til innhold

Kraftig auke i bemanning

Sjukehusa i Møre og Romsdal hadde planlagt å ha færre tilsette i arbeid i 2024. I mai har sjukehusa hatt heilt motsett utvikling.

Årsaka til dette er innføringa av Helseplattforma, med behov for innleige av ekstra personell.

I mai brukte helseføretaket 328 fleire brutto månadsverk enn i same månad i fjor. Dette er 489 månadsverk over budsjettert. Bemanninga låg i mai på totalt 5922 månadsverk.

Direktøren skriv i ein rapport at Helse Møre og Romsdal no er heilt avhengig av omstilling for at resultata i føretaket ikkje skal bli dårlegare enn planlagt.