I slutten av februar hadde barnevernet mottat like mange meldingar som dei vanlegvis har på eit heilt år.
Ein stor del kjem frå politiet.
Barnevernskonsulent Grete Klungsør er uroa over utviklinga.
Meir medvitne
Lensmann i Herøy og Sande, Odd Kulø, seier at auken i talet på meldingar frå politiet ikkje skuldast auke i ungdomskriminaliteten.
Han meiner at politiet er blitt meir medvitne på å bruke barnevernet i saker der mindreårige er innblanda.
Rapport
I slutten av februar i år hadde barnevernet i Herøy fått inn 44 meldingar.
Det er altså omlag det same som kommunen vanlegvis har på eit heilt år.
Då dei sende inn sin halvårlege rapport til Fylkesmannen i slutten av juni var talet på meldingar kome opp i 56.