Hopp til innhold

Rekordmange uroa for barn i Sula

Sula kommune har hatt ei kraftig auke i talet på barnevernssaker. Berre i år har kommunen med om lag 8600 innbyggarar fått inn 138 nye uromeldingar til barnevernet.

Barnevern illustrasjonsbilete

Illustrasjonsbilete: Berre i år har Sula kommune på Sunnmøre fått inn 138 uromeldingar til barneverndet. Det er ei dobling frå året før.

Foto: colourbox.com / colourbox.com

Det er nesten ei dobling sidan i fjor, fortel leiar for barnevernet i Sula, Siv Kristin Tønnessen. Ho trur det kan vere fleire årsaker til det.

Ein av grunnane kan vere at folk er meir bevisste på å melde frå enn før.

– Sula kommune har også fått fleire innbyggjarar, og difor også fleire barn, seier Tønnesen.

Kraftig auke

Ho trur også at auka i talet på arbeidsinnvandrarar er ein av grunnane. Dei siste åra har talet på meldingar til barnevernet i Sula lagt rundt 70 til 75.

No har talt kome opp i 138. Ei nær dobling frå i fjor. Tønnesen fortel at både privatpersonar og kommunale etatar har blitt flinkare å varsle når dei har mistanke om at barn ikkje har det godt.

Utfordringa for Sula er å gå gjennom alle sakene.

– Vi strever med å ta unna alt, og det er ei utfordring å klare å vere ferdig med saksbehandlinga innan fristen. Vi manglar også gode tiltak, seier Tønnesen.

Rus og familievald

Lensmann Frode Haugen i Sula blir orientert om alle saker som meldast til barnevernet.

– Mesteparten av meldingane er på grunn av rus og vald i heimen. Frå skule og barnehagar verker det som om folk er meir oppmerksame på barna sin åtferd, og rapporterer på grunn av det.