Køyretøy av vegen

Ein person har køyrt av vegen på fylkesveg 526 på Ellingsøya i Ålesund, opplyser politiet. Det skal ha vore ein person i bilen som no er ute, og verkar ikkje alvorleg skadd. Bilen skal ha rulla rundt, ifølge brannvesenet. Naudetatane er på veg til staden.