Køyreforbod

Eit vogntog som var lasta med propan fekk køyreforbod på Bergsøy kontrollstasjon ved KRIFAST i kveld. Årsaka var at tilhengarfestet var i ferd med å lausne. Det var berre tre lause boltar som festa tilhengaren til lastebilen, ifølgje Statens vegvesen. – Ein løpsk tilhengar med gass kunne ha ført til ei alvorleg ulukke, heiter det i meldinga frå vegvesenet.