Hopp til innhold

Eldre kvinne køyrde utfor vegen og inn i skogen

Ei kvinne i 70-åra køyrde utfor vegen ved Sogge bru i Rauma. Brannvesenet måtte felle fleire tre for å bilen opp på vegen att.

Det var klokka 11.56 at politiet fekk melding om billukka. Det var ei eldre dame som kom for langt ut på kanten av vegen og køyrde utfor ved brua.

– Bilen gjekk gjennom krattskogen og brannvesenet måtte felle fleire tre for å få bilen opp att på vegen, seier operasjonsleiar Kjell Biesmans ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Kvinna skal ikkje vere skadd, men helsepersonell har tatt ei generell undersøking av henne.

Det var ingen andre bilar blanda inn.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL