NRK Meny

Køyrde uregistrert crossykkel

Ein mann i 20-åra forsøkte i kveld å stikke av frå politikontroll på Valderøya i Giske. Mannen køyrde ein uregistrert motorisert crossykkel som ikkje skal brukast på vanleg veg. I fluktforsøket prøvde han å krysse ei grøft, men mista balansen såpass han og sykkelen velta. Han kom ifrå det uskadd, men vil bli meldt til politiet, seier operasjonsleiar Johan Arnt Overøye i Sunnmøre politidistrikt.