Hopp til innhold

Køyrde over 150 km/t i 80-sona for å hente venninna

Ho skulle berre hente venninna på Gardrmoen, og trakka gassen i bånn. I over 150 km/t køyrde ho rett inn i fartskontrollen til politiet.

Norges lover

Kvinna blei målt over ein periode på over ni kilometer, og må no i fengsel i 24 dagar for å ha køyrt i over 150 km/t.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Den 20 år gamle kvinna vedgjekk alt då ho møtte i Romsdal tingrett nyleg.

I retten forklarte ho at ho skulle hente venninna si på Gardermoen, og la ut frå Rauma tidlegare på kvelden. Men ho var seint ute, og hadde det difor travelt.

I bilen til faren, klemde ho difor gassen i botn, og er no dømd for å ha køyrt i 154 km/t i ei 80-sone i Stange i Hedmark.

Les også:

Vedgjekk alt

I retten vedgjekk 20-åringen å ha køyrt alt for fort, men var ifølgje dommen overraska over kor fort ho hadde køyrt.

Ho vedgjekk samstundes å ha foretatt fleire farlege forbikøyringar, og kryssa doble sperreliner for å passere fleire bilar i slengen.

Les også:

Blei målt i ni kilometer

Ifølgje dommen blei farta til kvinna målt over ei strekning på omlag ni kilometer.

Sjølv om det var lite trafikk og gode køyreforhold, meiner retten at kvinna har gjort seg skuldig i to svært alvorlege brot på vegtrafikklova. Vidare er det straffskjerpande at ho hausten 2013 også blei dømd for å ha køyrt for fort.

Fengsel i 24 dagar

No må kvinna i fengsel i 24 dagar.

Ho misser også førarkortet for to år.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL