NRK Meny
Normal

Køyrde med motorsykkel på islagt vatn i Volda

Politiet åtvarar folk mot å ta bilar og motorsyklar ut på islagde vatn. Søndag ettermiddag måtte dei rykke ut til ein motorsyklist på Aldalsvatnet i Volda.

Laster kart, vennligst vent...

Politiet har funne ein motorsykkel ved Aldalsvatnet i Volda, men ingen som vedgår at dei har køyrt der.

Søndag ettermiddag rykte politiet ut etter å ha fått tips om ein tohjuling på ferde på det islagde Aldalsvatnet i Volda. Ifølgje politiet er køyring med bilar og motorsyklar ein populær aktivitet når isen tjuknar.

Det kan sikkert vere fristande, men det er eit klart lovverk som seier at dette er ulovleg, seier operasjonsleiar Trygve Ødegård ved politiet i Møre og Romsdal, og viser til Forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag.

Islagde vatn mange stader

to barn på skøyteis

Skøyteisen har lagt seg på mange vatn dei siste dagane på grunn av høgtrykket. Her frå eit tjønn i Skodje i helga.

Foto: Heidi Ringdal

Det kalde, fine veret den siste tida har ført til at mange vatn har frose til over heile landet. Det er ikkje berre folk på skøyter som då let seg friste til å ta turen utpå.

Vi fekk klagar frå publikum om dette, og dette er ein uønska aktivitet. Det er forureining og ei plage for dei som vil naturen, seier Ødegård.

Kor farleg anser du det for å vere?

Det vil variere, seier han.

Fann motorsykkelen

Trygve Ødegård, operasjonsleiar, Sunnmøre politidistrikt

Operasjonsleiar Trygve Ødegård hos politiet ber folk droppe bilar og motorsyklar på islagde vatn og minner om at det er ulovleg.

Foto: Remi Sagen / NRK

Politiet rykte søndag ettermiddag ut for å undersøkje saka, men då dei kom fram til staden, var det ingen som brukte motorsykkelen lenger. Han låg igjen, og var utan lovlege kjenneteikn, seier Ødegård. Han seier at politiet orienterte dei som var på staden om regelverket, og at dei ikkje kjem til å bruke meir energi på saka.

Dei veit framleis ikkje kven som var ute på glattisen med tohjulingen.