Hopp til innhold

Køyrde med 2,54 promille

Ein mann i 20-åra er dømd til fengsel i tretti dagar for å ha køyrt med 2,54 promille alkohol i blodet. Mannen blei stansa tidlegare i sommar på Flisneset i Ålesund, der forbipasserande hadde reagert på framferd til sjåføren. Mannen vedgjekk forholdet, og må i tillegg betale ei bot på 10 000 kroner. Han misser også førarkortet i Noreg i to år og seks månader framover.