Hopp til innhold

Køyrde inn i autovern

Føraren av ein varebil køyrde inn i eit autovern på Averøy i natt. Det blei store skader både på bilen og autovernet. Det skal ifølgje politiet ikkje vere mistanke om ruskøyring, men køyring utan førarkort. Bilføraren skal også ha køyrd med sommardekk. Mannen i slutten av tenåra blir meldt for forholdet.