Køyrde i påverka tilstand

Ein mann i 40 åra er i Molde mistenkt for å køyre i påverka tilstand. Sak blir oppretta, og det blir teke blodprøve av mannen. Eigar av bilen var passasjer, og blir meldt for å ha overlate bilen til ein person som var påverka. Bilen vart kontrollert på ferjekaia i Molde.