Hopp til innhold

Mann i 70-åra sendt til sjukehus etter å ha køyrt inn i bergvegg

Ein eldre mann køyrde inn i ein bergvegg i Seivika i Kristiansund i ettermiddag. Mannen er bevisst, ifølgje politiet.

Trafikkulykke Seivika

Ulukka skjedde på vegen ned til ferjekaia i Seivika.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Den eldre mannen køyrde inn i bergveggen i låg fart, og mannen var vaken då han blei berga ut av bilen. Luftambulanse stod klar på staden, men mannen blei heller køyrt til sjukehuset i Kristiansund. Føraren fortalde sjølv at han prøvde å køyre unna eit dyr og deretter mista kontrollen.

Brannvesenet opplyser at førarsida på bilen stod inn mot bergveggen og mannen var difor fastklemt og måtte klippast ut.

Ulukka skal ha skjedd ved avkøyringa til Seivika - like ved ferjekaia som høyrer til sambandet Seivika – Tømmervåg. Bilen er fjerna og naudetatane har avslutta på staden. Sak blir oppretta.

Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL