Køyrde frå politiet

Ein mann i 20-åra er dømd til fengsel i eitt år, for å blant anna ha køyrd frå politiet i 160 kilometer i timen. Det skriv Sunnmørsposten. Mannen var rusa og hadde aldri hatt førarkort. Han er i tillegg dømd for vald mot to sjukepleiarar, biltjuveri, forsøk på ran, og for å ha sett fyr på ein sofa inne i ei leiligheit.