Hopp til innhold

Køyrde borti syklist – stoppa ikkje

Politiet ønskjer tips etter at ein bil som køyrde austover ved Digernes i Skodje var borti ein syklist som sykla i same retning.

Digernes i Skodje

– I det bilen køyrde forbi har han vore borti syklisten slik at han velta. Syklisten, ein mann i 60-åra frå Ålesund, vart skada i fallet. Det seier operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt, Arild Reite.

Lettare skader

– Slik det såg ut er det ikkje snakk om alvorlege skader. Det kan hende han fekk ei hjerneristing, seier Reite til NRK.

Mannen er køyrt til legevakta for nærmare undersøkingar.

Politiet ønskjer tips

Operasjonsleiar Arild Reite

Operasjonsleiar Arild Reite i politiet ønskjer tips.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Arild Reite fortel at vitne i området har sett ei svart stasjonsvogn som køyrde vidare etter å ha vore borti syklisten.

– Vi vil undersøkje om det er gjort noko straffbart og vi har eit sterkt ønskje om å få tak i føraren av bilen som var involvert i ulukka. Det seier Arild Reite som er operasjonsleiar i Sunnmøre Politidistrikt.

Politiet er interesserte i bilnummer eller observasjonar i området.

Har du sett noko kan du tipse politiet ved å ringe 02800.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL