Hopp til innhold

Parkinsonsjuke Jan Modell: Sprettar sjampanjen etter vellukka Birken

Jan Modell (74) har sjukdomen Parkinson. Men han let seg ikkje stoppe for det. I dag køyrde han Birken på tandemsykkel. Han brukte 6 timar og 19 minutt på turen. Fredag kveld spretta han og Tor Erling Johansen sjampanjen.

Jan Modell

Parkinsonsjuke Jan Modell (74) sette seg eit høgt mål for 2015: Han skulle fullføre Birken. Og han lukkast.

Foto: Kristoffer Antonsen

Jan Modell har gjennom heile livet for ein aktiv idrettsmann. Etter eit liv som aktiv idrettsmann fekk han sjukdomen Parkinson, ein sjukdom som endra livet hans totalt. Han bestemte seg likevel for å leve eit aktivt liv, og i dag sykla han Birken.

– Dette gjekk veldig bra. Det gjekk heilt utan problem, fortel treningskompis og partnar på tandemsykkelen, Tor Erling Johansen. Jan Modell har smilt dei siste fire kilometera, legg han til.

Tor Erling Johansen fekk sjølv vanskar etter ei helikopterulukke. Den gong var det Jan Modell som hjelpte han opp att. No var tida komen for å gje ei gjenyting.

No var det payback time. Han har alltid sykla, og no kan han ikkje gjere det åleine. Han er svært hardt angripen av Parkinson, fortel Johansen.

Jan Modell

Jan Modell har sjukdomen Parkinson. Han har vore idrettsmann heile livet, og set stor pris på framleis å kunne ha eit aktivt liv.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Syklinga går føre seg på den måten at Tor Erling Johansen styrer, trør og bremsar og Jan Modell sit bak og trør.

Dette fungerer veldig bra, seier Johansen.

Løpet starta klokka 09.45. Då kom Jan Modell med rullatoren sin og var klar til innsats. Tor Erling Johansen fortel at Jan Modell har ein heilt fantastisk viljestyrke. Han sykla så 92 kilometer frå Rena til Lillehammer gjennom skog- og fjellterreng.

Hadde alle hatt ein slik viljestyrke ville det ikkje vere mange som var sjuke. Han har ei heilt fantastisk innstilling.

Johansen fortel at han treng ikkje oppmuntre Jan Modell undervegs i løpet. Dei hadde tre stopp på turen. Og sitande i ein klappstol fekk Jan Modell både mat og medisinar i pausane.

Han kom i mål på ei svært god tid. Så dette er heilt fantastisk. Det er magisk, seier Tor Erling Johansen til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL