NRK Meny
Normal

Køyrde bil med 2 i promille

Etter tips frå publikum stoppa politiet i natt ein sterkt rusa bilførar.

Politi illustrasjon

Tips frå publikum førte til at politiet fekk stoppa ein sterkt rusa bilførar

Foto: Kyrre Lien/Scanpix

Det var i Fosnavåg klokka 02.00 natt til søndag at politiet fekk tips frå publikum om at ein sterkt rusa person hadde sett seg inn i ein bil og køyrd av garde.

– Politiet lokaliserte mannen like ved bustaden hans. Då sat han og sov bak rattet, seier Trygve Ødegård, operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt.

Ein rustest viste at mannen hadde over 2 i promille.

Sak blir oppretta.