Hopp til innhold

Køyrde av vegen – mistenkt for promillekøyring

Ein bilførarar er mistenkt for promillekøyring etter å ha køyrd av vegen på E39 i Halsa natt til torsdag.

Utforkøyring Valsøyfjord

Det var i firetida natt til torsdag at ein bil køyrde av vegen på E39 ved Valsøyfjord i Halsa.

– Bilførar er mistenkt for promillekøyring og blei tatt med for nærare promilletesting før han blei sendt heim, opplyser politiet.

Personen hadde heller ikkje gyldig førarkort og vil bli meldt for forholdet.

Bilføraren skal ikkje ha fått skader i utforkøyringa, men det skal derimot ha blitt ein del materielle skader på bilen han køyrde. Det var ingen andre i bilen då utforkøyringa skjedde.