Køyrde 141 km/t

Utrykningspolitiet heldt fartskontroll i Freifjordtunnelen mellom Kristiansund og Gjemnes i kveld. Dei førte til 17 forenkla førelegg og to meldingar med tap av førarkort. Den høgste farta dei målte var 141 km/t i 80-sone. Det blei også gitt ut ni forenkla førelegg i Skodje.