NRK Meny

Køyrde 134 km/t med tiåring i bilen

Ein 35 år gamal moldemann er dømd etter å ha køyrt med den ti år gamle dottera si i 134 km/t. Dommen inneber 30 timar samfunnsstraff, og at han misser førarkortet i ni månader. Retten meiner det er straffeskjerpande at det sat på eit barn i bilen, i tillegg er han tidlegare dømd for brot på vegtrafikklova.