Hopp til innhold

Kostbare brannar

Det blir i år betalt ut store erstatningssummar etter brannar i fylket i fjor.

Brann i Gjerdegata

KOSTBAR BRANN: Brannen i Gjerdegata i Ålesund i september 2008 utløyste erstatning på 10,9 millionar kroner.

Foto: Ingunn Viken / NRK

Summen er i år på over 245 millionar kroner, mot om lag 190 millionar dei to føregåande åra.

Og det å få utbetalt erstatningspengar er viktig for dei som blir råka av brann.

- Erstatninga viktig

- Det er alfa og omega, seier Terje Dalheim i Elnesvågen i Fræna om det å få erstatning.

Natt til vesle julaftan i fjor brann lagerhall, kontor og butikk ned til grunnen. Det har ikkje kome fram noka årsak til ulukka.

Til høgre kan du sjå bilda frå brannen i Fræna i desember.

- Det er viktig på den økonomiske sida, når ein slik masse brenn. Med alt som har med butikk og inventar og gjere, seier Dalheim.

Det er spesielt fire brannar i 2008 som gjer at så mykje som 245 millionar blir utbetalt i erstatning i Møre og Romsdal. Ein brann på Smøla, ein i Gjerdegata i Ålesund, ein i Ørsta og brannen i Fræna.

27 prosent auke

Tonje Westby

STORT BELØP: - Erstatningssummen er stor, seier Tonje Westby i Finansnæringens Hovedorganisasjon.

Foto: Finansnæringens Hovedorganisasjon

Tonje Westby er kommunikasjonsrådgjevar i Finansnæringens Hovedorganisasjon. Ho seier det er eit stort beløp for Møre og Romsdal.

- Det er ein auke på over 27 prosent sidan 2007. Så det speglar den store auken som var for heile landet og, som var over 20 prosent, seier ho.

Sjølv om grunnane til årsaka er vanskeleg å vite, meiner ho at det særleg er to større industribrannar som er medverkande.

- Det utgjer sjølvsagt store summar, når det er industribygg med store verdiar, forklarer ho.

- Kan starte på nytt

- Det er ein urovekkjande auke for heile landet, så dette er bekymringsfullt.

Brann Smøla

MISTA 80 DYR: I brannen på Smøla like før nyttår mista 80 dyr livet då dei brann inne.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

For å få ned desse erstatningsutbetalingane trur ho det er veldig viktig å fokusere på brannsikring i dei store industribygga.

4,75 millardar vart utbetalt i erstatning på landsbasis. Dei som får igjen mest i brannerstatning i Møre og Romsdal får summar mellom 10 og 20 millionar kroner. Dalheim i Fræna seier det gir motivasjon å få utbetalt erstatning.

- Då er det høve til å bygge det opp att, og ein får sjansen til å starte på nytt, seier han.