Hopp til innhold

– Vi skal kose oss fram mot cupfinalen

Om to veker spelar Molde cupfinale mot Rosenborg, og skal bruke tida fornuftig fram mot den store festen. Solskjær har så godt som tatt ut cupfinalelaget allereie.

Ole Gunnar Solskjær

Manager Ole Gunnar Solkjær synest MFK har gjort det bra i haust. Her etter at dei utlikna mot Vålrenga på overtid tidlegare i sesongen.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

I første omgang skal ein del av spelarane på landslagsoppdrag.

– Dei skal få lov til å reise og kose seg, ta inn nye impulsar og tenkje på noko heilt anna enn cupfinalen, så skal vi bruke denne veka til å halde oss i form og ha det kjekt, seier manager Ole Gunnar Solskjær.

– Det gjeld å spele mykje fotball for å få godkjensla tilbake, og bruke den siste veka til å førebu oss til cupfinalen, legg han til.

Oslo-weekend

–Laget reiser til Oslo allereie fredagen før cupfinalen.

– Slik at vi ikkje har spelt ferdig cupfinalen før den begynner, forklarar Solskjær.

Og det er eit bevisst val?

– Ja, vi har lyst til å vere samla litt utanfor og ha dei på hotell. Vi skal gjere litt forskjellieg som å ha quiz og og ha det kjekt, legg han til.

Solskjær avslører at han har så godt som bestemt seg for kva lag han skal starte med i finalen.

– Vi har vore gode i haust, så eg har danna meg eit bilde av kva vi skal starte med og korleis vi skal gjere det, seier han.

– Ei rocka låt

Knut Marius Djupvik og Tomra Brass Band

Knut Marius Djupvik saman med Tomra Brass Band i 2011.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

I pausen under kampen mot Start på Aker stadion søndag, vart den nye cupfinalelåten til MFK framført for første gong. The Voice-aktuelle Knut Marius Djupvik står for vokalen i låta som er titulert "Blått Gull."

– Eg ville det skulle bli ei låt som gjer heider og ære på spelarane, Solskjær og klubben generelt, med eit lite stikk i sida til trønderane. Det har blitt ei ganske rocka låt eg håper vi alle kan synge med på, sa tomrefjordingen til Rbnett.no før helga.

Cupfinalelåten er skriven av lyrikaren Endre Ruset. Til same avis seier moldensaren at det er ein utskjelt sjanger.

–Det er mange grelle eksempel. Men ein må jo ta fram dei store orda og kjenslene. At vi skal til Oslo for å finne er utgangspunktet, seier han.

Cupfinalelåten til Molde Fotballklubb for 2013 heiter Blått gull. Høyr låta her.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL