For å unngå flytting til reservearena på Dombås, vil dei no vurdere fem kilometer trasè i staden for 10 kilometer, seier leiar i hovedkomiteen, Tore Witsø.
Måndag ettermiddag er det null grader og lett sludd i lufta på skistadion på Skaret ved Molde. Framleis er det ein god såle av is og snø i store deler av løypa, og den kan halde lenge, trass i sørvest med regn og mildvêr.
Sørvest og regn tærer på snøen på skistadion på Skaret.
Ein såle av is og snø i løypetrasèen gjer det framleis mogleg å gå på ski
Måndag D-dag
Førstkomande måndag er D-dag for ski NM på Skaret. Da blir avgjerda tatt om meisterskapen kan haldast der eller må flyttast til reservearena på Dombås. Dette vil i så fall bety tap i 100.000-kroners klassen for arrangørane.