–Går fort
Bru- og vegsambandet som skal knyte saman kommunane Aure og Tustna, blei godkjent av regjeringa i vår.
Gladmeldinga er at innkrevingsperioden blir redusert frå ti år og fire månader til åtte år.
–Åtte år går veldig fort, seier Knut Baardset.
Når dei reisande etter åtte år får reise gratis over Imarsundet forsvinn også etterskuddsbompengane på dei to ferjene.
God margin
Eitt av vilkåra for at Stortinget godkjende Imarsundprosjektet var at selskapet før anleggsstart kunne legge fram ein bindande låneavtale som sikra ei gjennomsnittsrente som er lavare enn 6,5 prosent for heile låneperiden på 17 år.
Det vart altså oppnådd med god margin. Sidan i vår har selskapet arbeidd med å få finansieringa på plass, og vore gjennom ein omfattande anbodsrunde med fleire bankar.
I sluttrunden var tre bankar med, og valet fall til slutt på Fokus bank.
–Økonomien sikra
Og med ei svært gunstig lånerente har ein trur Baardset at økonomien til prosjektet er sikra. Han viser til at trafikkauken dei har kalkulert med er beskjeden, og at trafikkutviklinga kan bli enno betre enn det dei ser for seg i dag.
Imarsundprosjektet skal stå ferdig i oktober 2006.