Hopp til innhold

Korslag på Moa

I anledning den nasjonale barnehagedagen var alle dei private sentrumsbarnehagane samla på Moa for det som vert kalla "Det store barnehagekorslaget".

Barnehageborn samla for å synge på Moa

Mange barnehagar var møtt fram for å synge på Moa for anledninga.

Foto: Torger Havåg / NRK

I formiddag vart gangen på Moa Syd fylt opp av mellom 50 og 100 barn. Både framfor, på sidene, og i etasjen over hadde foreldre, besteforeldre og andre skodelystne møtt opp.

Litt etter litt fant barna vegen inn, og opp på benkane og pallane som var sett fram. Og etter ei kort oppvarming fortalde styrar i Tryggheim barnehage, Randi Fagehol Lauvås, om markeringa til dei frammøtte.

– Dette er 6. året dette vert arrangert, men barna er nye. Kvart år er det dei eldste barna i dei private barnehagane i indre bydel som kjem. Så neste år har alle desse barna vorte skulebarn.

Både nytt og gamalt

Dei fleste songane var velkjente for både store og små. "Det sett to kattar", "Oppå fjellet" og "Sol Sol" var nokre av dei gode gamle, mens "Vennesangen", kjent frå Fantorangen på NRK Super, var kanskje ikkje like kjent for dei av besteforeldra som hadde møtt opp.

Etter songen kunne styrar Lauvås fortelje meir om prosjektet til NRK.

Barnehagedagen vert markert kvart år den 10. mars, der barnehagane skal ut å vise seg fram. Vi i styrarnettverket i indre bydel synest at dette er ein god måte å gjere det på.

Har ungane øvd lenge?

Det er vel om lag ein månad sidan vi delte ut songarka, og bestemte kva songar dei skulle synge. Så litt øving har det blitt ja, seier Lauvås.

Saka held fram etter bilete.

Barnehagekor på Moa

Både skodelystne og barn fylte opp gangen på Moa Syd.

Foto: Torger Havåg / NRK

Bollar og juice

Etter at korsongen var ferdig, fekk barna ein velfortent premie, i form av bollar og juice. To av dei som song var Elias og Lotte frå Tryggheim Barnehage.

Dei syntest det var ganske kjekt å synge, og at dei hadde øvd litt lenge. I alle fall nokre dagar.

Og kva er det som er så bra med song og musikk? Elias hadde svaret.

Det er i alle fall fint då!