Hopp til innhold

Korsegata stenger 8. juni

Korsegata i Ålesund stenger for biltrafikk 8. juni og blir stengt til november. Det skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Torsdag 8. juni blir første spadetak for nytt kollektivknutepunkt i Ålesund sentrum. – Arbeidet blir delt inn i ulike fasar, slik at det ikkje blir byggearbeid i alle områda samtidig, skriv fylkeskommunen.

Fram mot oktober 2024 blir det difor vegarbeid i Korsegata, Posthuskrysset, Kipervikgata og Keiser Wilhelmsgate i ulike periodar.

– Vi legg til rette for gangvegar gjennom gata og til inngangsparti i byggjeperioden, og dette skal vere universelt utforma. Vi startar med å rive asfalt, kantstein og betongmur. I praksis vil vi grave opp heile Korsegata, seier Torbjørn Vatnehol, prosjektleiar for Bypakke Ålesund.

Korsegata i Ålesund blir stengt for biltrafikk mellom 8. juni – november 2023.
Illustrasjon: Ramboll