20 korridorpasientar
Odd Roe Skogen
I helga hadde medisinsk avdeling 20 pasientar i korridorane, trass i at dei for to år sidan opna 16 nye sengar ved avdelinga, fortel avdelingssjef Odd Roe Skogen.
Totalt i helga var det 120 pasientar inne på medisinsk avdeling. 51 av dei kom inn mellom fredag og måndag morgon.
– Då er det klart at det lett vil hope seg opp og vi får korridorpasientar, seier Skogen.
– Prøver å differensiere
Dermed endte svært mange på gangen, fleire av dei var svært sjuke.
– Vi prøver sjølvsagt å differensiere slik at ikkje dei aller dårlegaste blir liggande i korridoren, men det seier seg sjølv at når det er så pass mange pasientar det gjeld, så er dette i seg sjølv eit stort problem, seier Skogen.
Medisinsk avdeling i Ålesund (arkivbilde)
Ny avdeling i 2002
Hausten 2002 opna sjukehuset ei ny medisinsk avdeling med 31 nye sengar. Då håpte sjukehuset å få bukt med korridorpaseintane. Men slik gjekk det ikkje.
Det reelle nettotalet blei 13-14 nye sengar, mellom anna på grunn av rehabilitering på dei andre postane og flytting av geriatri- og slageiningar, forklarer avdelingssjefen.
– Kan få store problem
Skogen seier at dersom situasjonen held fram som han er no vil avdelinga få svært store problem med å ta unna alle pasientane som kjem når influensaepidemien kjem rundt årsskiftet.