Ikkje fornøgd
Sjukehusa har likevel korridorpasientar nærast kvar einaste dag, og fagsjef i Helse Sunnmøre, Per Roland vedgår at dette ikkje er bra nok.
- Vi er altså fornøgd med at situasjonen har betra seg over tid, men vi er ikkje på nokon måte fornøgd med at vi fortsatt må tilby korridorplassar til pasientane.
Sjukehuset i Ålesund var ein av verstingane i landet i 1999. Saman med sjukehuset i Volda hadde dei då i snitt 21 korrridorpasientar. I fjor var talet nede i 5 i følgje helsetilsynet. For Molde og Kristiansund var talet i 2003 2 mot 4 i 1999.
Vanskeleg
Men dette er gjennomnsnittstal, og dei medisinske avdelingane har nesten dagleg korridorpasientar. Ved medisinsk avdeling i Volda fortel avdelingssjukepleiar Therese Moltudal at dei denne onsdagen har tre pasientar på gangen. Men også romma er overfylte i høvet talet på tilsette. Fagsjef Per Roland trur ikkje sjukehusa er i stand til å løsye problemet med dagens ressursar.
I Molde og Kristiansund er situasjonen heller ikkje noko å rope hurra for. Avdelingssjef Ivar Blix ser inga lettvint løysing på problemet, men meiner primærlegane og kommunane burde bidra meir.
- Både primærlegane og kommunane må gå gjennom systema sine for det er nok nokre av innleggingane som ikkje er absolutt nødvendige, seier Blix.
Verstingliste
Helsedepartementet vurderer no å legge ut ei verstingliste på internett for å få sjukehusa til å skjerpe seg.
Fagsjef i Helse Sunnmøre, Per Roland, trur at ei verstingsliste har lite for seg.
- Det er veldig vanskeleg å samanlikne på denne måten, seier Roland.