Hopp til innhold

Korps til tusen

Også i musikk kan det handle om å vinne. Meir enn tusen korpsmusikarar frå Møre og Romsdal har kjempa om titlar og premiar i helga.

Tomra Brass Band

Tomra Brass Band leverte varene, men tapte for naboen Ørskog i den øvste divisjonen. Nick Ost er Tomra-dirigent, her på festkonserten etter konkurransen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Korpsfolk i alle aldrar var i aksjon i Gomerhuset i Skodje laurdag. For nokre er det viktigaste å delta. Nokre gler seg til festen etterpå. Andre har ambisjonar om å ta med seg pokalane heim, etter månader med knallhard terping på detaljar.

Nordvesten for skulekorps og Tomra Ørskog Festivalen baud på spreke og nøye innøvde korpstonar dagen lang. Dommarane hadde ein utfordrande jobb med å få plassert korpsa i rett rekkefølge.

Jubel korps

Tap og vinn med same sinn. Det er mykje kjensler ute og går på premieutdelinga. Tresfjord Janitsjar (Tone Syltebø i midten) vann 2. div. janitsjar.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Arrangørfeide

Ørskog og Tomra byter på å arrangere festivalen annakvart år, og i år vart det ein skikkeleg arrangørfeide. For i 1. divisjon brass vann Ørskog, berre eitt poeng før arrangøren Tomra Brass Band frå Vestnes.

Ørskog

Stian Brautehaug har tatt imot prisen for Ørskog som vinnar i 1. div. brass. Reidun Eik Dyrkorn og Tomra vart nummer to, berre eitt poeng bak.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

I andredivisjon vann Fræna Brass Band. Tresfjord Janitsjar tok førsteplassen i janitsjarklassen.

Gode skulekorps

Mange gode skulekorps var i aksjon. Kvam og Sellanrå skolekorps frå Molde vann førstepremien i 1. divisjon janitsjar, med Langmyra og Vestnes på dei neste plassane. Stordal skulekorps vann andredivisjon.

Tomrefjord skulekorps vann førstedivisjon for brasskorps.

Tomrefjord skulekorps

Kjekt på Nordvesten: Ingrid Bårdsnes (t.v.) og Mathea Eiken Faksen frå Tomrefjord skulekorps med førstepremien i 1. divisjon for brass-skulekorpsa.

Foto: Tore Ellingseter / NRK
Kvam og Sellanrå skolekorps

Kvam og Sellarå skolekorps frå Molde vann førstedivisjon janitsjar for skulekorps. Jens Mordal er dirigent.

Foto: Pål Elnan

Totalt var 750 skulekorpsmusikantar og 336 vaksne med i konkurransen.

– Dette er svært gledeleg, seier Nils-Gunnar Solli frå Molde. Han er regionstyreleiar i Norges Musikkorps Forbund. Spesielt var han glad for at heile 113 yngre barn var med på det store aspirantseminaret.

Jubel

Barn, ungdom og vaksne var i aksjon, og det var mykje jubel under premieutdelinga. Ingrid Hollingen Westad frå Langmyra (midten) vann solistpris.

Foto: Tore Ellingseter / NRK
  • Fullstendig resultatliste frå Nordvesten og Tomra Ørskog Festivalen