Hopp til innhold

Korona-smitta var på konsert med 800 i Molde

Ein tilreisande frå Oslo som var på Hellbillies-konsert i Molde i helga, har testa positivt på korona-viruset.

Hellbillies

KONSERT: Kommuneoverlegen i Molde, Cato Innerdal, var sjølv på konserten med Hellbillies, og tok dette biletet.

Foto: Cato Innerdal

Den smitta var saman med ein vennegjeng på fire personar frå Molde og Vestnes på konsert med Hellbillies i Bjørnson-huset, og på baren Tapp & Kork laurdag kveld.

Tysdag kveld skriv Molde kommune i ei pressemelding at tilsette i kommunen som var på desse plassane laurdag, og som arbeider med pasientar, må halde seg heime frå arbeid i 14 dagar.

Dei kan altså ikkje kome på jobb før etter 14. mars, eller til ny beskjed blir gitt frå kommuneoverlegen.

Vennane i karantene

Personen hadde ikkje symptom før etter konserten, og svaret om at vedkommande var smitta av korona-viruset kom tysdag.

Vennane er no sett i 14 dagars karantene. Dei har ikkje symptom på sjukdom.

– Det er ein vanskeleg situasjon, det er potensielt veldig mange som kan ha blitt smitta, seier kommuneoverlege i Molde, Cato Innerdal.

Det skal ha vore over 800 personar til stades på konserten.

Kommuneoverlege og assisterande kommuneoverlege i Molde. Cato Innderdal og Signe Hjorth.

Kommuneoverlege Cato Innerdal og assisterande kommuneoverlege Signe Hjorth i Molde.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

– Det er viktig at alle som har vore på konsert med Hellbillies og som har vore på Tapp og Kork laurdag, er ekstra merksame på symptom som luftvegsinfeksjon og tett eller rennande nase, seier han.

Han peiker også på at det er viktig at om ein trur ein er sjuk, så bør ein reise heim, og kontakte kommunen på telefon.

Til dei som ikkje føler seg sjuke, så anbefaler han i samråd med Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet å leve som normalt, og gå dit ein vil.

Var sjølv på konserten

Hellbilles hadde konsert for om lag 800 personar på Bjørnsonhuset i Molde laurdag kveld.

Der var også kommuneoverlegen til stades.

– Ja det var ein god og fin konsert, men den har skapt ein hektisk arbeidsdag for meg i dag i alle fall, seier han.

Jørn-Åge Longva

Smittevernlege i Helse Møre og Romsdal, Jørn-Åge Longva.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Smittevernoverlege Jørn-Åge Longva i Helse Møre og Romsdal, seier det ikkje er nokon grunn til å halde seg unna store arrangement.

– Dette er det jo Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet som vurderer fortløpande. Så lenge folk kjenner seg friske, så kan dei fortsette å gå på slike arrangement inntil det eventuelt kjem andre råd frå nasjonalt hald, seier han.

Longva trur heller ikkje personen som var på konserten i Molde kan ha smitta veldig mange, men helsepersonell som var på konserten, må likevel halde seg heime frå jobb til dei er sikre på at dei ikkje er smitta av viruset.

Rica Seilet hotell i Molde

Den korona-smitta har vore på konsert på Bjørnsonhuset i Molde.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK