Hopp til innhold

Kunnskapsministeren forstår kommunane som no stengjer

Skulane som stengjer på grunn av korona får no støtte frå kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap). Fleire har dei siste timane varsla at dei no går over til heimeundervisning.

Tonje Brenna

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) vil helst ha opne skular, men held døra på gløtt for dei som ønskjer å halde ungane heime.

Foto: Tore Linvollen / NRK

I første versjon av saka mangla det to ord i sitatet frå leiaren i Utdanningsforbundet. I den endra versjonen går det fram at han viser til at regjeringa si haldning til heimeskule, ikkje Utdanningsforbundet sitt syn.

Julefeiringa står for dør, og no fryktar fleire foreldre at koronasmitten kan føre torpedere planane om julefeiring med familien. I løpet av dagen har fleire kommunar varsla at dei stengjer skuledørene før jul, fordi så mange er sjuke. Oslo sa først nei, men ombestemte seg og sende heim elevane likevel.

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) seier ho forstår det kommunane gjer.

– Stenging er eit inngripande tiltak, overfor barna og overfor familiane. Gitt situasjonen forstår eg likevel dei stadene der ein bestemmer seg for å stenge eller redusere tilbodet no, skriv ho i ein epost til NRK onsdag kveld.

Ikkje glad for at foreldre tek saka i eigne hender

Den siste tida har det også blitt kjent at fleire foreldre held barna sine heime, fordi dei opplever at kommunane og styresmaktene nøler.

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) synest ikkje det er nokon god ide.

– Mi klare oppmodinger at ein sender barn og unge på skulen og i barnehagen så lenge det er ope, skriv ho i ein epost til NRK.

Kunnskapsministeren opnar døra likevel på gløtt ved å minne om at foreldre kan søkje om permisjon for sitt barn, og det er opp til skulen om dei vil innvilge.

– Skulen kan gje permisjon dersom det er forsvarleg av omsyn til elevane si opplæring. Det er ei vurdering som må gjerast for kvar enkelt elev, skriv ho vidare.

Lærarar ber om stenging

Koronasmitten har også nådd lærarromma. Læraren og småbarnsmora Jannike Roaldsand på Sunnmøre testa positivt sist laurdag, og dermed må ho halde seg heime.

Ho meiner heller ikkje elevane burde få kome tilbake på skulen no før jul, og fryktar at opne skular vil føre til så mange smitta at julefeiringa kan bli øydelagt for mange familiar.

– Det verste som kan skje er at den smitten vi ser no får fortsette, slik at folk sit i karantene og isolasjon og ikkje minst er sjuke, når det er jul, seier Roaldsand.

Ho blei truleg blei smitta på skulen i utbrotet som har vore der dei siste dagane. Læraren skjønar godt foreldre som no vel å halde ungane heime for å unngå smitte.

Jannike Roaldsand

Jannike Roaldsand seier ho forstår at det er krevjande med heimeskule, men at det likevel er det beste no. Ho trur mange er bekymra for om dei kan feire jul med familien.

Foto: privat

– Full forvirring i skulen

Men dei fleste skular i landet er framleis opne, medan smitten florerer i klasse- og på lærarrom. No meiner Utdanningsforbundet det hastar.

– Det er full forvirring no. Folk lurer på tilgang til hurtigtester, om vi skal stenge skulane eller ha reduserte opningstider. Vi har ikkje tilgang til vikarar, og dei tilsette lurer på kva for nivå beslutninga om dette skal takast, seier leiar i Utdanningsforbundet i Tromsø, Katrine Aursand.

Katrine Aursand leder Utdanningsfobundet Tromsø

Leiaren i Utdanningsforbundet i Tromsø, Katrine Aursand, seier det hastar med å stenge skulane.

Foto: Linda Jorid Nilsen

Leiar Steffen Handland seier han ikkje trur regjeringa vil lytte til ønsket om stenging av skular.

– Nei, det trur vi ikkje, men eg reknar med at dei gjer grundige vurderingar basert på råd frå smittevern- og helsestyresmaktene og dei innspela som vi har gitt, seier han.

Tilbyr lærarar boosterdose

I mellomtida har enkelte kommunar no innført vaksinering på skulane, for å unngå at dei tilsette blir gåande rundt som tikkande smittebomber. I Skien kommune i Telemark kan alle skule- og barnehagetilsette denne veka få tredje vaksinedose. Kristoffer Høimyhr Skaate (36) er ein av dei som har takka ja.

– Eg synest det er eit godt tilbod og er veldig takksam. Det betyr at eg kan kjenne meg litt tryggare på jobb, så lenge vi framleis er mange fysisk til stades på skulen, seier han.

Kristoffer Høimyhr Skaate

Lærar Kristoffer Høimyhr Skaate er ein av dei som har takka ja til booster-vaksine.

Foto: Britt Boyesen / NRK

Ni dagar til den store dagen

Det er berre ni dagar igjen til julekvelden, og i mange familiar går dagleg diskusjonane om det er lurt å samle storfamilien. Den store frykta for mange er at barn og unge skal smitte gamle og skrøpelege slektningar, slik at julefeiringa blir ein smittefest.

Roaldsand meiner det er viktig at styresmaktene ikkje ventar lenger med å stenge skulane.

– Det er ei høgtid med sterke tradsisjonar for famlieselskap og familiesamhald. Det er no ein må gjere det dersom ein skal sikre at folk skal få lov å feire ei vanleg jul, seier læraren på Sunnmøre, Jannike Roaldsand.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no