Hopp til innhold

Kornhaust under normalen

Kald og våt sommar fører til sein og dårlegare kornhaust enn dei tidlegare åra.

Skurtresking i Surnadal

Mest alt kornet i fylket er berga inn etter ein kald, våt og vanskeleg sesong.

Foto: Per Ivar Vikhagen/Røv Mølle

– Ja, eg har levert det siste no så eg er ferdig, seier Sivert Mauset.

Sivert Mauset

Sivert Mauset kan no puste letta ut etter det som har vore ein utfordrande sesong.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Kornbonden frå Surnadal kan no puste letta ut etter det som har vore ein utfordrande sesong.

Han er ein av dei mange som kom seint i gang med såinga på grunn av den kalde og fuktige førsommaren.

– Dei store nedbørsmengdene gjorde at vi måtte vente lenge med å så, men det gjekk heldigvis bra med graset. Når det gjeld kornet vart resultatet under snittet. Rett og slett fordi det vart for vått og for lite næring tidleg i sesongen, seier Mauset.

Store variasjonar

Mange kornbønder på Nordmøre sådde kornet ekstra tidleg i år, dei første alt i slutten av mars, men godvêret som var då snudde brått.

Lina Mogstad på Røv Mølle

Lina Mogstad på Røv Mølle i Surnadal seier det er store variasjonar.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

– Det er stor variasjon i år, seier Lina Mogstad på Røv Mølle i Surnadal.

Dei tek i mot dei aller siste kornleveringane nesten ein månad etter normalen. Her i fylket er det mest berre bygg som blir dyrka, og Røv Mølle i Surnadal tek imot ca. 3000 tonn lokalt korn i året. I år enda dei opp med rundt 2500 tonn korn.

– Totalt blir det eit ganske så gjennomsnittleg år, men det er store forskjellar. Nokre har hatt svært dårlege avlingar medan andre har hatt ein nok så grei sesong, seier Mogstad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL