Hopp til innhold

Kornelia (4) sette bollebit i halsen- redda av barnehagetilsette

Fastelavnsfeiringa i barnehagen tok ei dramatisk vending då Kornelia heldt på å bli kvelt. No takkar mora hennar snarrådige barnehagetilsette.

Kornelia Rotås Skarshaug

Kornelia Rotås Skarshaug (4) blei sendt på sjukehus i luftambulanse etter ulykka i barnehagen.

Foto: privat

Fredag skulle barna ved Straumsnes barnehage i Tingvoll kose seg med fastelavnsbollar med krem på. Dette hadde Kornelia Rotås Skarshaug aldri smakt før. Ho har Downs syndrom og er kresen i matvegen. Ho har også trongare luftvegar enn normalt. Bollen blei skoren opp i små bitar og fall godt i smak. Plutseleg fekk ho ein bollebit i halsen.

– Det var svært dramatisk, fortel styrar Wenche Sæther. Ein barnehagetilsett banka fireåringen i ryggen, og bollebiten kom ut. Likevel blei Kornelia blå og slutta å puste. Dei ringde naudnummeret, men visste at det kunne gå ei stund før både ambulanse og helikopter dukka opp.

Då starta dei tilsette med hjartekompresjon, slik at slim frå halsen kom ut.

– Helikopterpiloten sa at vi redda livet hennar, seier Sæther.

På veg heim frå kreftbehandling

Anita Christine Rotås saman med Kornelia

Anita Christine Rotås kan ikkje få takka barnehagen nok for at dei redda dottera.

Foto: privat

Sæther visste at mora til Kornelia sat på buss på veg heim frå kreftbehandling i Ålesund og at ho ikkje kunne gjere noko i denne situasjonen. Storesøster Tanseli (20) som var heime blei med luftambulansen til sjukehuset, der Kornelia fekk oppfylging og behandling.

Mamma Anita Christine Rotås får ikkje takka barnehagen nok for det dei gjorde.

– Det var snakk om liv eller død, seier Rotås.

Slå mot ryggen

Overlege ved sjukehuset i Ålesund, Wiebke Sivertsen, seier at å få ein framandlekam i halsen kan vere svært alvorleg.

– Barn kan i verste fall få pusteproblem og i nokre få tilfelle vil det vere naudsynt med hjarte- lungeredning, seier Sivertsen.

Dersom barnet er vakent og pustar bør ein først oppmode barnet om å hoste for å sjå om det som sit fast kjem opp. Hjelper ikkje det kan ein slå fem gongar mot ryggen mellom skulderblada på små barn og trykke fem gongar på brystet. Større barn kan stå og bøye seg framover medan du først slår mot ryggen og deretter pressar mot mellomgolvet. Hjelper ikkje det bør ein ringe naudnummeret.

Viktig å trene

Dei barnehagetilsette hadde debrifing med kriseteamet i kommunen etter den alvorlege hendinga. Styrar Wenche Sæther er glad for at dei nyleg har hatt førstehjelpskurs.

– Dette viser kor viktig det er å trene på slike situasjonar og ha rutinar. Dei tilsette heldt roa og hadde kunnskap om kva dei skulle gjere, seier Sæther.

Ho kjem til å arrangere førstehjelpskurs i barnehagen kvart år heretter.

Tok ikkje skade

Kornelia har ikkje språk, men etter at ho kom heim frå sjukehuset har ho vore ute og aka og leika som vanleg.

– Heldigvis har ho ikkje fått mein av dette, seier mamma.

Sjølv har ho hatt det tøffare etter det som skjedde og ho torer ikkje tenke på korleis det kunne ha gått.

– Eg er evig takknemleg for dei tilsette sin innsats, seier Rotås.

LES OGSÅ: