Ideen kom frå Surnadal Sparebank, og det heile gjekk føre seg Surnadal Idrettshall. I heile tre timar var det song og underhaldning for dei over tusen frammøtte.
Det heile starta i februar, då alle innbyggarane i kommunen blei inviterte til å delta. Dette resulterte i sju kor med over to hundre songarar.
- Dette er ein stor del av befolkninga i Surnadal. Skulle ein like stor del av Trondheim sine innbyggarar ha vore med på noko slikt, ville det ført til at over 5.500 hadde vore med i kora, seier Liv Dalsegg i Surnadal Sparebank.
Suksess frå a til å
Korsong på tv har blitt ein suksess, og arrangørane ser at dette også har blitt vidareført til lille Surnadal.
- Det er svært sosialt og givande for dei som er med, og resultatet av dette initiativet er at mange har fått ein ny fritidsaktivitet.
Interessa for korsong har auka voldsomt, og det ser også ut til at det blir etablert fleire kor som resultat av dette initiativet, seier ei fornøgd Dalsegg.
Sjølv om koret frå Stangvik/Kvanne/Todalen hadde vinnarane av MGP-junior, Torstein Snekvik, som ein overraskande joker i sitt avslutningsnummer, held det ikkje til siger. Publikumsprisen gjekk til Åsskardkoret, kora sjølve stemte fram Bøgdaungdommen, medan juryen ga sin pris til Feltkoret.