NRK Meny
Normal

Koreansk akupunktør kalla seg lege – no får han kritikk frå Fylkeslegen

Ein koreansk akupunktør har fleire gongar reklamert for tenestene sine ved å kalle seg "orientalsk lege". No ber Fylkeslegen han om å slutte å bruke tittelen.

Nålestikk

Mannen skal ha fleire års utdanning som akupunktør i Kina, og har tatt imot kundar fleire stader i Noreg dei siste åra. Men lege er han ikkje. (Illustrasjonsfoto)

Foto: NRK

Etter at NRK tok kontakt med akupunktøren tysdag, har han endra formuleringane på nettsida si. Det er difor gjort små endringar i artikkelen.

På nettsida si er mannen avbilda i lyseblå kjortel på kontoret sitt. I overskrifta heitte det inntil tysdag ettermiddag at mannen er orientalsk lege, og kan kontaktast på mobil for timebestilling.

Men mannen har ingen autorisasjon som lege i Noreg, og fylkeslege Karin Müller Michalsen ber han om ei stadfesting på at han ikkje kjem til å bruke tittelen fleire gongar.

Karin Müller Mikaelsen

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen seier dei ser svært alvorleg på bruk av legetittelen utan å ha nødvendig autorisasjon.

Foto: Roar Jonny Strom

– Det kan svekke tilliten hos innbyggjarane. Folk bør kunne stole på at dei som brukar ein tittel har tilsvarande kvalifikasjonar for å utøve yrket, seier ho.

Har no fjerna "orientalsk lege"

Fylkeslegen blei tipsa om annonsar både i aviser og på Internett, der mannen har brukt tittelen "orientalsk lege". Mannen stadfestar dette overfor NRK, men ber oss snakke med kona, på grunn av språkvanskar.

Ho forklarer at "orientalsk lege" er ein vanleg tittel i Kina, der mannen har utdanninga si frå, og at han har seks års utdanning som akupunktør.

akupunktursenter

Akupunktøren reklamerer for tenestene sine på Internett. Der brukte han fram til tysdag ettermiddag tittelen "orientalsk lege". Etter å ha blitt kontakta av NRK har han endra det.

Foto: Baard Ole Grøtta

– Vi tenkte ikkje på at det var noko problem, det er nok ulike kulturar for dette, men dette betyr ikkje så mykje for han, svarar kona.

Ho avviser at folk kan bli lurt til å tru at dei blir behandla av ein lege, og viser til at kundane er flinke å spørje dersom dei lurer på noko.

Kona seier dei har brukt tittelen også i avisannonsar, men har slutta med det, etter å ha fått kommentarar på det.

Kan bli meld til politiet

Ifølgje fylkeslege Karin Müller Mikaelsen ser dei frå tid til annan folk utan autorisasjon brukar titlar som lege, sjukepleiar eller psykolog. Det ser dei svært alvorleg på.

Nyleg sende Fylkeslegen eit brev til mannen, der han blei beden om å stadfeste at han vil slutte å bruke tittelen. Dersom dette ikkje fører fram, seier Müller Mikaelsen at saka kan bli meld til politiet.

– Dersom det er Noregs lover, må vi ta det vekk, seier kona til akupunktøren.

Ifølgje helsepersonellregisteret har mannen ikkje autorisasjon som lege i Noreg, og Fylkeslegen viser til helsepersonellova § 74, som seier: «Bare den som har norsk autorisasjon, lisens eller spesialistgodkjenning etter § 53, har rett til å benytte slik yrkesbetegnelse som kjennetegner vedkommende gruppe helsepersonell ... Ingen må uriktig benytte titler eller annonsere virksomhet på en slik måte at det kan gis inntrykk av at vedkommende har autorisasjon, lisens eller spesialistgodkjenning.»