Hopp til innhold

Kor trygt er nettskylagring?

Nettskylagring blir meir og meir populært, og nye leverandørar kjem stadig på bana. Men kor trygt er det å nytte seg av desse tenestene?

Passord på dataskjerm (illustrasjonsfoto)

NETTSKY: Kva skjer med den informasjonen vi lastar opp i nettskya? Og kva rettar har vi når vi brukar desse tenestene?

Foto: PAWEL KOPCZYNSKI / Reuters

– Sjekkar du nokon gong vilkåra før du trykker ja?

– Nei, det gjer eg ikkje, seier Ida Straumsheim, Petrine Vikstad og Liv Elise Folden.

Som mange av oss andre sjekkar heller ikkje desse jentene vilkåra til dei ulike

Ida straumsheim Petrine Vikstad og Liv Elise Folden

VILKÅR: Ida Straumsheim, Petrine Vikstad og Liv Elise Folden tykkjer vilkåra er vanskelege å forstå og for lange.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

nettenestene dei til dagleg nyttar seg av.

– Du må takke ja uansett dersom du vil nytte deg av tenesta, seier Straumsheim.

Dei to andre er samde.

– Ja, og så er dei utruleg lange og vanskelege å forstå, seier Folden.

Vilkåra må blir betre

Fagdirektør Finn Myrstad i Forbrukarrådet er ikkje overraska over at mange let vere å lese vilkåra.

– Vilkåra er ofte forma ut på ein så håplaus måte at det er vanskeleg å forstå kva som står der. Når vilkåra blir lengre enn grunnlova, så blir det eit problem, seier Myrstad.

Finn Myrstad

FORBRUKARRÅDET: Finn Myrstad meiner forbrukarane bør gjere undersøkingar rundt dei ulike nettskytenestane.

Foto: Kjell HÃ¥kon K. Larsen

Forbrukarrådet ønskjer difor at vilkåra skal bli lettare å forstå, og at rettane til brukarane skal bli betre. På den måten kan forbrukarane sette seg inn i vilkåra før dei aksepterer.

– Eg vil sjølvsagt anbefale alle å lese vilkåra, med eg skjønar at det er vanskeleg. Difor må vilkåra bli meir forståeleg for folk flest, held han fram.

Uklare vilkår

Tidlegare i år hadde Forbrukarrådet ein gjennomgang av vilkåra til nokre av dei mest populære skylagringstenestane i Noreg. Oversikta kan du lese her.

  • Nedst i saka kan du lese sju gode tips for trygg bruk av nettskytenester.

Undersøkingane deira avslører store forskjellar i vilkår og rettar hjå dei ulike tenestene.

Forbrukarrådet sin gjennomgang viser blant anna at fleire av tenestene kan avslutte abonnementet ditt utan grunn, og endre brukarvilkår utan å varsle deg.

Vikstad, Folden og Straumsheim tykkjer det er dårleg.

– Det er sjokkerande. Ein burde i alle fall få ein form for varsel dersom dei skal endre noko på kontoen din, seier Vikstad.

Det er sjokkerande. Ein burde i alle fall få ein form for varsel dersom dei skal endre noko på kontoen din

Petrine Vikstad

– Dersom dei kan avslutte kontoen når dei vil, forsvinn heile meininga med å lagre noko i nettskya. Du gjer det jo fordi du vil ta vare på informasjonen på ein trygg måte, seier Straumsheim.

– Eg tykkjer uansett at det er feil. Det er min konto, og dei har ingenting med kva eg brukar den til, seier Folden.

Ei god løysing om den nyttast rett

Myrstad legg vekt på at skylagring kan vere ein god måte å lagre og bevare dokument, bilde og anna digitalt innhald.

– Dersom datamaskina eller mobilen din bryt saman, kan innhaldet forsvinne. Ved å lagre den digitale informasjonen i ei nettsky, får du ein tryggingskopi, seier Myrstad

– Eg vil alltid oppmode folk til å lagre informasjonen på fleire plassar. Dersom ein tenesta sluttar å fungere, eller går konkurs, får du ikkje lenger tilgang til informasjonen du har lasta opp. Då er det lurt å ha ein kopi, held han fram.

Likevel peikar han på fleire faktorar ein bør undersøke før ein vel nettskyleverandør.

– Finn ut om det er ein seriøs leverandør, kor mange som nyttar seg av tenesta, kva erfaringar andre brukarar har med tenesta, og kven som eig informasjonen du lastar opp. Det bør også stå i vilkåra at det er du og ikkje selskapet som eig informasjonen, seier Myrstad.

Myrstad er skeptisk til at nokre tenester nyttar informasjonen du lastar opp til andre formål enn skylagring, som for eksempel i skreddarsydd marknadsføring.

– Vi kritisk til at leverandøren kan gå inn og skanne innhaldet ditt. Det ser vi på som svært problematisk i forhold til personvern.

– Ei risikovurdering

Ove Skåra, informasjonsdirektør i Datatilsynet

DATATILSYNET: Ove Skåra seier at gode passord er viktig for å halde informasjonen trygg.

Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen / Hans Fredrik Asbjørnsen

Ove Skåra, informasjonsdirektør i Datatilsynet, tykkjer Forbrukarrådet har gjort ein viktig jobb i å undersøke vilkåra knytt til dei ulike nettskytenestane.

– Forbrukarrådet har vist kvifor det er lurt å lese vilkåra. Mange av vilkåra er uakseptable, då er det lurt å vite kva du seier ja til, seier Skåra.

Ifølgje Skåra er det viktig å vurdere kva du skal nytte nettskytenesten til, og kva type informasjon du skal lagre i den.

– Dess meir sensitiv informasjon du lastar opp, dess viktigare er det å undersøke vilkåra. Då er det ei risikovurdering som kvar enkelt må ta sjølv, seier Skåra.

Skåra peikar på at det òg vil vere sentralt å undersøke kva land nettskytenesten stammar frå.

– Eit norsk selskap steller seg til norsk personvern, rettstryggleik, lover og myndigheiter. Og på same måte vil eit utanlandsk selskap følgje lovgivinga i sitt land.

Også applikasjonar

Men det er også andre vilkår som kan vere lure å dobbelsjekke før du aksepterer. Ofte nyttar ein seg av ulike applikasjonar i samband med skylagring, og Myrstad meiner forbrukarane bør vere minst like skeptiske til å godta vilkåra knytt til desse.

– Fleire nyttar eg seg av applikasjonar for å laste opp bileta frå mobilen og inn i skya. Ein bør vere skeptisk til dei tenestene som vil ha mykje informasjon utan å fortelje deg kvifor, eller kva dei skal nytte den til.

Myrstad peikar på at dette ikkje berre gjeld applikasjonar knytt til nettskytenester, men også andre mobilapplikasjonar. Spesielt bør ein vere ekstra merksam dersom applikasjonen vil ha informasjon som ikkje er relevant for tenesta.

– Ein reiseapplikasjon treng nødvendigvis å vite kvar du er, men den treng ikkje å lagre informasjonen om kvar du er. Det er stor forskjell på dei to tinga, seier Myrstad.

– Nokre ber om tilgang til kontaktar, meldingar, og annan privat informasjon på mobilen, utan at det er nødvendig for å nytte seg av tenesta. Då bør ein vere skeptisk. Desse tenestene er nye, og ein veit framleis lite om kva desse tenestene nyttar informasjonen til, held han fram.

Tips for trygg bruk av nettskytenester

  1. Brukarvilkår: Les brukarvilkåra, og undersøk kva du seier ja til. Bør du vere uroa for nokon av vilkåra?
  2. Seriøsitet: Kor seriøs er tenesteleverandøren. Gjer enkle undersøkingar for å finne ut meir om leverandøren.
  3. Sikkerheit: Prøv å undersøk kor sikker tenesteleverandøren er. Kor lett er det for andre uvedkommande å få tilgang? Vurder kor sensitiv informasjon du skal lagre, og om sikkerheita er høg nok til dei ulike formåla. Er sikkerheita god nok i forhold til det du ønskjer å lagre.
  4. Passord: Dersom tenesteleverandør stiller krav til kvaliteten på passordet er det eit godt teikn. Det seier ofte mykje om kor høg sikkerheit det er lenger inne.
  5. Rettar: Undersøk kva rettar du har dersom informasjonen du lagrar forsvinn. Står det noko om det i vilkåra? Det kan alltid vere lurt å ha ein eigen tryggingskopi i tillegg til nettskya.
  6. Lovgiving: Det er viktig å vere klar over kva land tenesteleverandøren høyrer heime i, og kven som kan hjelpe deg dersom noko skulle gå gale. Andre reglar kan gjelde i utlandet enn i Noreg, og nettbaserte løysingar kan i utgangspunktet vere lagra kvar som helst.
  7. Dobbelt opp: Alltid lagre informasjonen på meir enn ein plass. Då unngår du å miste alt, dersom noko skulle skje.

Desse tipsa er ei oppsummering av råd frå Forbrukarrådet og Datatilsynet