Transportable gasskraftverk er lanserte som førstehjelp når det gjeld å avverje kraftkrisa i Møre og Romsdal, men det er uvisst kor mykje desse kraftverka forureinar.
Randi Walderhaug Frisvoll (KrF), medlem i nærings- og miljøutvalet, har bedd næringsdirektør Joralf Flataukan leggje fram tal for dette.
Flataukan seier at desse kraftverka skal brukast når belastninga på straumnettet er på topp, det er ikkje meininga at dei skal gå heile tida. Utsleppa vil avhenge av kor mykje dei er i drift, og det er det vanskeleg å talfeste i dag, meiner han.