Normal

På eitt døgn blei han 2 år yngre

Motstandaren Drøbak/Frogn vurderte protest fordi dei meinte at Molde brukte ein for gamal spelar i ein 2.-divisjonskamp. Brått skreiv Molde ned alderen på spelaren med 2 år.

Aliou Coly
Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

Det har lenge vore tvil om alderen på spelaren Aliou Coly. Og NRK har også tidlegare stilt spørsmål ved alderen på spelaren. Då han i 2012 var på prøvespel i Sogndal var han ifølgje Sogns Avis 23 år. Då han signerte for Molde i februar 2013 blei alderen oppgitt til 20.

I forkant av kampen mot Drøbak/Frogn måndag, stod Coly oppført med fødselsdagen 14. september 1990. Etter kampen blei fødselsdagen endra til 10. desember 1992.

Kan ha hatt fire overårige

Saka kom no opp i samband med kampen som Molde2 spelte mot Drøbak/Frogn. Andrelaget til Molde spelar i andredivisjon, og reglane for desse laga tilseier at laget skal ha maksimalt tre spelarar frå tippeligastallen som er over 22 år. Dersom den første datoen er riktig, kan Molde ha hatt opp til fire slike spelarar på banen, ifølgje TV2.no.

– Fødselsdatoen var feil

Overfor nettstaden amta.no stadfester dagleg leiar i Molde fotballklubb, Tarje Nordstrand Jacobsen at alderen på Coly blei endra måndag kveld.

Vi endra datoen som står på nettsidene då vi fann ut at denne datoen var feil. Datoen som står oppført no er den same stom står i passet til Coly, seier Nordstrand Jacobsen til nettstaden.

Bergdølmo legg til at klubben neppe kjem til å protestere mot bruken av Coly i kampen måndag.

Amta.no skriv også at Coly spelte for det senegalesiske U23-landslaget i 2012. Ifølgje datoen som står på det gjeldande passet, var han då 19 år.

Reagerer på «alderstriksing»

Trenar for Drøbak/Frogn, André Bergdølmo reagerer overfor TV2.no på at fødselsdatoen til spelaren er endra.

Dette er jo svindel, men eg skal ikkje skulde Molde for å gjere dette med vilje. For oss har det ingenting å seie, men klubbar som Skarbøvik og Østsiden ville nok helset sett at vi hadde fått eit anna resultat mot Molde, seier Bergdølmo.

Molde vann kampen 4–1 over Drøbak/Frogn. Når det står att to serierundar har Molde to poeng opp til Skarbøvik som akkurat no ligg på trygg plass.