NRK Meny

Kontrollerte fritidsbåtar

Kystvaktskipet Njård og politiet har kontrollert fritidsbåtar på sjøen mellom Smøla og Aure. I alt åtte båtar blei kontrollerte, og fire fekk førelegg for manglande bruk av vest. Ein mann blei teken med til land for blodprøve etter at han blåste for høge verdiar på promilleprøva i båten. Grensa for promille til sjøs er 0,8.