NRK Meny

Kontroll på lyngbrann i Vanylven

Det er Synste Møre som melder at brannmannskap frå Vanylven fredag kveld fekk kontroll på ein lyngbrann til fjells, mellom Sandnessætra og Kvanndalen på Fiskå. Brannen såg ei stund ut til å skulle spreie seg, og sivilforsvaret blei varsla, men 12 personar frå brannkorpsa i Syvde og Fiskå fekk til slutt kontroll. Brannårsaka er ukjend, skriv avisa på Søre Sunnmøre.