Ordrereserve på 1,6 mrd.
Konsernsjef i Ulsteinkonsernet, Gunvor Ulstein, er svært glad for kontrakten. Ho seier det er ekstra kjekt at Island Offshore kjem tilbake til Ulstein verft berre seks månader etter at dei var der sist og teikna kontrakt.
Med dette har Ulstein ein ordrereserve på 1,6 milliardar kroner.
Familieselskap
Kontrakten går altså til Island Offshore som også er lokalisert i Ulsteinvik. Selskapet er eigd av Ulsteinfamilien, men styreleiar Morten Ulstein avviser at det er familiære årsaker til at det nettopp er Ulstein verft som har fått kontrakten. Dei siste 5-6 åra har berre to av 16-17 kontraktar gått til Ulstein verft, seier han.
Førebels har ikkje Island Offshore nokon kontrakt på drifta av fartyet, men høg oljepris og difor framleis vekst i oljebransjen, gjer at Ulstein er optimist.
Etter eit par år med krise i verftsnæringa har kontraktane dei siste månadane strøymd til verfta.