Arbeidet ved verftet i Haram startar tidleg i januar og ferja skal leverast i slutten av april.
60 av dei 150 tilsette var permitterte før jul, men ifølgje verftsdirektør Jan Petter Hagen kjem fleire av desse i arbeid igjen i løpet av månaden.
Søviknes Verft har tidlegare inngått avtale om bygging av eit nytt skrog der arbeidet startar i mai. Ombyggingsoppdraget som verftet har fått no, er først og fremst viktig fordi det gir arbeid for dei tilsette fram til mai.