NRK Meny

Kontrakt kansellert

Styret i Kawasaki Heavy Industries og Island Navigator I KS er samde om å kansellere kontrakta om bygging av Island Navigator. Store utfordringar i engineeringa av prosjektet, samt stor auke i materialkostnader sidan kontrakta blei signert er nokre av årsakene. Saman med uvissa i offshoreindustrien og pågåande omstrukturering i Island Offshore-gruppa, har verft og reiarlag terminert kontrakta. Dette skal ifølge ei pressemelding ikkje få negative økonomiske konsekvensar for Island Offshore.

Island Navigator
Foto: Pressebilde