Hopp til innhold

Konstitueringa kan vere ulovleg

Konstitueringa av Volda formannskap kan vere ulovleg, det skriv morenytt.no. Berre tre av dei ni representantane i Volda formannskap er kvinner. Odd A. Folkestad (Frp) seier at Fylkesmannen vil gå gjennom listene, og at det kan vere mogleg at representasjonen i formannskapet må verte endra etter ein slik kontroll.