NRK Meny
Normal

Konserten heldt på å ryke

Det var dramatisk då konserten med pianisten Chick Corea heldt på å ryke for Moldejazzen i går kveld.

Chick Corea

Chick Corea kom og leverte - men det var dramatisk før han entra scena på Moldejazzen i går kveld..

Foto: Andreas Jørgensen

I Moldejazz-samanheng blir det ofte snakka om den vanskelege tysdagen, og gårsdagen helt på å bli i overkant vanskeleg. Måndag kveld fekk festivalsjef Hans Olav Solli melding om at dataanlegget på flyplassen i Italia var nede, og Chick Corea kom seg ikkje vidare.

– I god jazztradisjon måtte vi improvisere og klarte å få på plass eit charterfly frå København. Det henta Corea i går formiddag og flyet landa i Molde tre timar før konserten.

Det kunne blitt kaotisk, men gode folk i eigen administrasjon, og reisebyrå som gjennom MFK har stor erfaring med charter, var med og sørga for at det gjekk bra.

Uventa ting kan skje

Hans Olav Solli på pressekonferanse

I dag kunne festivalsjef Hans Olav Solli smile, men i går var pulsen høg medan dramatikken stod på.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Vi arrangerer ein festival på høgt nivå, men i europas utkant, og då må vi berre godta at uføresette ting kan skje. Men med få personar som arbeidde med saka blei det effektivt ordna, smiler Solli.

Seinast i fjor var det ei avlysing under jazzfestivalen, og det hadde Solli klart i mente, og noko han slett ikkje ville skulle skje igjen.

– «No kjem han, no kjem han»

– I dette tilfellet hadde vi ein artist som for alt i verda ville til Molde og spele. I løpet av sine 75 år skal Corea til dags dato ikkje ha avlyst ein einaste konsert, fortel ein fornøgd Solli.

Dei som visste om dramatikken kunne kanskje ane at nokre av musikarane var litt slitne, men omtalen fortel at dette ikkje gjekk ut over konserten.

I timane før konserten sat Solli i Molde og følgde spent med. Mellom anna var det på tale at flyet måtte lande i København for å tanke meir drivstoff.

– Men då vi såg at flyet var over norsk territorium, og eg fekk melding om at «no kjem han, no kjem han», då var det ein letta festivalsjef, det kan eg love deg!