Hopp til innhold

Konsert med garantert julestemning

Det er første helg i desember, og den andre adventshelga. Jula nærmar seg, I Tennfjord samlar folk seg, om ikkje i ein stall, så i alle fall på ein låve.

Denne konserten gir garantert julestemning

I Tennfjord var det Gine Gaustad Anderssen som inviterte til konsert. Ho er klar med ny plate. Og låven ligg på garder der Gine har vakse opp.

Eg ville gjerne ha ein spesiell intimkonsert her på låven, seier Gine Gaustad Anderssen til NRK.

Plata handlar om fjordar og fjell og det å kome heim.

Difor er det ekstra spesielt å vere her, seier ho.

På låven samla det seg sambygdingar, vener, familie og andre. Dei fekk høyre songar frå plata, og ikkje minst tittelsporet «Heim», som du også kan høyre i denne videoen.

Det er til saman 8 spor på plata «Heim». Her finn vi norske titlar som Til deg, Trøyst, Veslegut, Som når himmelen speglar seg, I dine skap og dei engelskspråklege I Believe in Beauty og 5 months toghether, She Said.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL