Hopp til innhold

Måtte kalle inn til allmøte etter fleire oppslag

Konsernsjefen i Kleven har berre ni dagar bak seg i sin nye jobb, men måtte i går kalle inn til allmøte for å berolige dei tilsette. Han kallar fleire oppslag i media dei to siste dagane for spekulasjonar.

Karsten Sævik, konsernsjef Kleven

Karsten Sævik starta i jobben som ny konsernsjef i Kleven 22.mai, og har allereie hatt meir enn nok å henge fingrane i. I går måtte han kalle inn til allmøte for å berolige dei tilsette etter det han kallar feilaktige oppslag i media.

Foto: Arne Flatin / NRK

Kleven verft i Ulsteinvik er i ein tøff økonomisk situasjon. Verftet bygger to ekspedisjonsskip til Hurtigruten. Begge dei to skipa er forseinka og passasjerar har fått refundert billettane dei har kjøpt. Ifylgje Nett.no ser det ut som løysinga på dei økonomiske utfordringane er at Hurtigruteaksjonærane skyt inn meir kapital, i tillegg til bankane.

Spekulasjonar

Den nye konsernsjefen i Kleven, Karsten Sævik, ynskjer ikkje å kommentere den økonomiske situasjonen og meiner dette er spekulasjonar frå media.

Sævik seier dei no har god kontroll på ferdigstillinga av dei to ekspedisjonsskipa.

– Hurtigruteprosjektet er krevjande, men vi har fått avdekt mykje av risikoen og føler vi har god kontroll. Fokuset er å gjennomføre prosjektet best mogleg, seier Karsten Sævik. Han kalla dei tilsette inn på allmøte onsdag for å berolige dei.

Trur på løysing

Olav Høydalsvik er tillitsvald ved verftet og har tru på at det kjem ei løysing på dei økonomiske utfordringane.

Olav Høydalsvik, Kleven-tillitsvald

Olav Høydalsvik har tru på ei løysing. Han er tillitvald for dei tilsette.

Foto: Arne Flatin

– Situasjonen er sjølvsagt vanskeleg, men vi har trua på at leiinga i konsernet skal få oss ut av dette. I mellomtida må vi som jobbar her gjere vårt beste kvar dag, seier Høydalsvik.Til Sunnmørsposten seier Høydalsvik at han trur verftet treng minst 300 millionar for å ha ei sikker drift vidare.

I 2017 var verftet truga av konkurs og måtte gjennom ein redningsaksjon. Investorar gjekk inn med 300 millionar kroner, med Hurtigruten som største aksjonær.

Knut Erik Engh

Ordførar Knut Erik Engh seier at Kleven er ei viktig bedrift for Ulstein.

Foto: Arne Flatin / NRK

Vil ha orientering

Også ordførar i Ulstein, Knut Erik Engh (Frp) er overtydd om at det kjem ei løysing for verftet. Dei skal be om ei orientering med konsernleiinga etter kvart.

– Det er naturleg at ein fullfører det ein har starta på med hurtigruteskipa, så det reknar eg med vert gjennomført som planlagt, seier Engh. Han seier at det ikkje er tvil om at Kleven er ei stor og viktig bedrift for Ulstein.