Hopp til innhold

Skal fange skiglede med kameraet

Nokon av dei aller beste frikøyrarane i Skandinavia er rundt om i fjella på Sunnmøre for å bli fotografert.

Vinter-ekstremsport-festivalen X2 i Ørsta og Volda har utvikla seg til å bli den største i Skandinavia. Flere av laga konkurrerer om å ta dei beste bileta.

Nokre av Norge og Sverige sine beste fotografar og mest fotogene skikøyrarar er i gang med ein fotokonkurranse på Sunnmøre.

Torsdag startar X2 festivalen i Ørsta og Volda. Det er åttande gongen den innhaldsrike festivalen blir arrangert.

Vinter-ekstremsport-festivalen har utvikla seg til å bli den største i Skandinavia. I Ørsta og Volda blir det konkurrert høgt og lavt i ulike greiner.

Allereie før våghalsane kastar seg utfor i denne festivalen er fleire av dei beste frikøyrarane i Skandinavia plass i fjella – for å bli tatt bilde av.

Fleire lag konkurrerer nemleg om å ta dei beste bileta.

Fire lag skal konkurrere i fire dagar i området rundt Hjørundfjorden om å lage det beste slideshowet.

– Tema for oppgåva er fjord, fjell og skiglede, seier frikøyrar Karsten Geffle.

Bidraga skal dei fire laga levere torsdag, før dei skal bli vist under opninga av X2 i Volda torsdag kveld.

Deretter skal folket kåre ein vinnar gjennom avstemming på nett. Det skjer på Friflyt.no.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL