Konkurranseutsetting på Raumabanen
Jernbanedirektør Kirsti Slotsvik håpar å kunne ha klar vinnaren av anbodskonkurransen for persontogtrafikken på Raumabanen til sommaren. I dag er det NSB som driv persontogtrafikken på bana. Slotsvik seier det ikkje er nokon automatikk i at NSB får drive vidare om dei vil, og viser til Sørlandsbanen der engelske Go Ahead har fått tilbodet om å drive.