NRK Meny
Normal

Du kan prøvebu denne prestegarden i eitt år

Bygda Norddal på Sunnmøre går nye vegar for å lokke fleire til å busette seg der. No har dei lagt ut den tomme prestegarden i ein konkurranse.

Norddal prestegard

For å få leige denne prestebustaden i eitt år, må du skrive ein personleg søknad.

Foto: Ingvild Hansen Hansen

Drøymer du om å bu i eit gamalt, kvitmåla hus i idylliske omgivnader? Den draumen kan no bli oppfylt. Måndag kveld la stiftinga som eig prestegarden i Norddal ut annonse på finn.no. Der søkjer dei etter nokon som har lyst å leige bustaden i eitt år. På berre få timar har over 2000 vore innom og kika på annonsen.

– Vi har interesserte heilt frå USA, seier Ingvild Hansen Nystad.

Prøve å bu på bygda

Prestebustad i Norddal

Nabohuset Paktarstova vert brukt til ulike aktivitetar.

Foto: Ingvild Hansen Nystad

«Prøvearvingen» kallar dei konkurransen, der den som ynskjer å leige huset må skrive om seg sjølv og draumane sine. Nystad understrekar at dei slett ikkje vil sette den nye leigetakaren på ei prøve.

– Vi kallar det ei prøve, fordi det er ikkje alle som veit kor bra det er å bu på bygda. Og då må dei få prøve det først, seier Ingvild Hansen Nystad.

Håpet er sjølvsagt at den som kjem flyttande, vert verande i bygda permanent.

Barnefamiliar

Prestegarden frå 1700-talet var eigd av Statens opplysningsvesen, før stiftinga fekk overta. Det bur berre om lag 140 innbyggjarar i bygda Norddal, og mange av husa vert brukt som fritidsbustader. No bygdefolket ha fleire fastbuande, som kan delta i felleskapet. For 5000 kroner i månaden får den rette leige huset på ca 400 kvadratmeter.

– Vi stikk ikkje under ein stol at vi håper barnefamiliar vil vurdere huset. Det er også stort nok til at fleire vener kan bu saman i i eit kollktiv, seier Ingvild Nystad Hansen.

Eiga bedrift

Ingvild Hansen Nystad

Ingvild Hansen Nystad vil lokke fleire folk til å bu fast i bygda.

Foto: Alfred Nilsen

Det kryr ikkje av ledige jobbar i bygda, men stiftinga ser for seg at prøvearvingen kanskje er sjølvstendig næringsdrivande og har med seg jobben til Norddal. Det er likevel ikkje noko krav.

– Det er berre opp til den enkelte sin fantasi kva ein kan sysselsette seg med, seier Nystad.

Om fire veker sett stiftinga seg ned og vurderer dei innkomne søknadene. Når året er omme, vil andre leigetakarar få sjansen til å bu i prestebustaden. Håpet er at dei som budde der i eitt år, vart så glad i staden, at dei kjøpte sitt eige hus.